Bo flyttar ut

Boka «Bo flyttar ut» er på plass i butikkhyllene, og vi kan gratulerer Trude som barnebokforfatter. Samlaget har skrevet denne pressemeldingen som vi deler videre. Boka kan bestilles på nett her.

Katten Bo hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre ein ting å gjere, nemlig å sjå om det fins husrom ein annan plass.

– Det å kjenne seg utfordra på ”heimebane” er noko som kan opplevast skremmande for oss alle, men eg har vore oppteken av å syne at det er heilt greit å ha slike kjensler. Samliv med andre er trygt og godt, men ikkje utan utfordringar eller konfliktar. Det handlar litt om å akseptere at ein er ulike. Boka har difor ein litt open slutt, fortel Tjensvold.

Denne bildeboka er ei vittig, fargesterk, og treffande bok om det å føle seg oversett. Gjennom å møte farane ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden og matmor.

Tjensvold har både skrive teksten og laga illustrasjonanen til denne boka.

– Eg har prøvd å halde språket så minimalistisk som mogeleg, medan eg har vore meir ‘frodig’ i illustrasjonane – eg vonar dette opplevast som ein morosam kontrast, seier Tjensvold.

Boka er vald som ei av fokusbøkene til NORLA (senter for norsk litteratur i utlandet).

boka_trude

Share your thoughts